NyheterSpareBank1 SR-Bank junior open 2020
13.01.2020
Til helga arrangerer Os juniorbridgeklubb si første store turnering. SR-bank er hovudsponsor for turneringa, og saman med ei rekke mindre sponsorar gjer det ei turnering med ei flott premiering. Sjølve turneringa startar laurdag kl 10 og vi reknar med premieutdeling rundt klokka 18. Det kjem tilreisande frå både nord og sør, så det blir bridgeaktivitetar på Nore Neset skule gjennom heile helga. Dei som ynskjer må sjølvsagt gjerne stikka innom og sjå ein del av noregs beste juniorspelarar i aksjon. Aktuelle linkar: Vel møtt til ei triveleg bridgehelg på Nore Neset!
Aasen - Dale toppa lokalt
13.01.2020
Måndag 13. januar blei første simultan i det nye året spelt. Reidar Dale - Kåre Aasen toppa lokalt, framfor Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen Neste simultan går om tre veker Reidar og Kåre vann
06.01.2020
Små marginar skilde på første spelekvelden i det nye året, men det gjekk vegen for Reidar Dale - Kåre Aasen som vann framfor Bjørn Hauge - Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge - Dag Christensen på tredje (hcp-lista). Same rekkefølge på scratch-lista. men der blei det daudt løp mellom nummer ein og to. Neste måndag speler vi simultan. Vel møtt! Riktig godt nytt år
05.01.2020
Klubbspelinga startar opp igjen måndag 6. januar. Vanleg speling denne gongen, og simultan måndagen deretter. Det blir 20 spelekveldar denne våren, og dei som ynskjer å betala kveldskontigenten samla kan betala kr 1200.- til konto 3631.50.30867. Vel møtt!
Bakke - Pettersen vann juleturneringa
28.12.2019
Årets juleturnering blei spelt laurdag 28. desember. 27 par var på plass i Kløvertun denne gongen, og turneringa blei gjennomført på ein flott måte med Leif Gunnar Kleppevik som turneringsleiar. Suverene vinnarar blei Christian Bakke - Knut Ivar Pettersen, med Kurt Langhelle - Helge Strøm på andre og Trond Are Nitter - Jan Kristen Lutro på tredje. Geo har skrive om eit spel frå turneringa på bloggen sin
Eit bilete av vinnarparet her (nord - syd). Motstandarpar her er Ove Gåsdal - Ole Magnar Nordvik. Fleire bilete frå turneringa ligg i Facebookgruppa vår.
Handicap-simultan
16.12.2019
Siste spelekveld dette året blei spelt måndag 16. desember. Handicap-simultan stod på programmet og best lokalt (scratch) gjekk det for Ole Magnar Nordvik - Ove Gåsdal med 63,4%. Med handicap var det Anne Merete Heggland - Marit Havelin som toppa, også dei med 63,4%. Lokale resultat og spelstensilar Då blir det pause i klubbspelinga til over nyttår. Første spelekveld i 2020 blir måndag 6. januar. Men hugs juleturneringa vår laurdag 28. desember. Påmelding og info om den her: Og til slutt: riktig god jul til alle! Stig og Stein Ole til topps
09.12.2019
Lite spenning om kven som skulle dra sigeren i land denne gongen. Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg var langt framfor resten av feltet med 63,2%. Andre gjekk til Linda Rasmussen - Gerd Nøttveit med 51,4% og tredje til Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 50,0%. Neste måndag er siste spelekveld før jul. Det blir handicap-simultanturnering. Første spelekveld over nyttår er måndag 6. januar. Men hugs juleturneringa vår laurdag 28. desember. Påmelding og info om den her. Dei som ikkje betalte årskontigenten i haust saman med samla kveldskontigent for heile hausten kan no betala kontigenten for 2020. Den er 300.- og kan betalast til 3631.50.30867.
Delt siger i årets MP-treff
02.12.2019
Årest MP-treff blei spelt måndag 2. desember. Det blei tett i toppen denne gongen då to par hamna likt. Både Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen og Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg enda på 61,1%. Tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 54,2% Lokale resultat med spelstensilar Geo Tislevoll har skrive kommentarar til alle spela som blei spelt denne gongen. Her bør det vera mykje godt lesestoff. Kommentarane ligg på denne linken. Resultat på landsbasis kjem her Vi speler to måndagar til før jul. Neste måndag er vanleg speling, og siste kveld før jul blir det handicap-simultan. Vel møtt!
|