NyheterKlar for 4. runde NM klubbar!
13.01.2014
Os er klar for 4. runde NM klubbar etter siger 79-64 over BAK 3 søndag kveld. Os stilte med dette laget mot BAK: Thea Hove Hauge, Bjørn Hauge, Tor Anders Hauge, og Joleiv Midttveit. Trekning av 4. runde kjem truleg i løpet av denne veka. Øvrige resultat frå 3. runde NM her Flott tur til Herdla!
12.01.2014
Årets Herdla-tur gjekk helga 11. - 12. januar, denne gongen med 14 spelarar. Det blei eit på alle måtar vellukka opphald med god stemning, mykje god bridge og ikkje minst framifrå mat. Vi spelte tre turneringar. Starta med lag-turnering om laurdagen. Denne gjekk fram til middag, og etter middagen spelte vi single. Søndagen avslutta vi Herdla-opphaldet med par-turnering. Resultat frå Herdla. Frå lagturneringa. Ved bordet nærast sit Linda Rasmussen (med ryggen til), Ivar Tønnesen, Kate, og Aase Tønnessen.
Monstad - Solibakke best første spelekveld 2014
06.01.2014
Olav Monstad og Kåre Solibakke vann spelinga i overlegen stil då spelinga starta opp att etter juleferien måndag 6. januar. 64,1 % score oppnådde dei, medan Thea Hauge - Frode Dyrstad på andreplass stoppa på 56,8 %. Tett bak dei fulgte Inger Marie Johansen - Vilhelm Berge på tredjeplass med 56,3 %. Resultat og spelstensilar her Spelinga held fram kvar måndag framover. Første simultanturnering i 2014 går måndag 27. januar. Vel møtt! NB! Hugs Storturneringen helga 18 - 19 januar. Info og link til påmelding i saka under. Godt nytt år!
01.01.2014
Klubbspelinga startar opp att måndag 6. januar med vanleg speling. Men ikkje alle venter så lenge med å starta det nye bridgeåret. Nyttårscupen på Jessheim går komande helg, og Thea speler med jentelandslaget. Vi ynskjer lukke til! Vidare utover i januar går det slag i slag. Først er det turen vår til Herdla 11. - 12. januar. Fortsatt er det plass om fleire ynskjer å vera med. Påmelding til Anne Merete. Helga etter går Storturneringen. Til no er ca 70 par påmeldt fordelt på dei to puljane, men det er plass til fleire. Påmelding og info her
Godt nytt bridgeår til alle! Suveren siger til Inge og Atle Kvarven
29.12.2013
Årets utgåve av Nyttårsturneringa blei spelt søndag 29. desember, denne gongen med rekorddeltaking. 36 par stilte til start, noko som er maks av kva som går inn så lenge turneringa blir spelt i Eldresenteret. Årets turnering måtte stenga for påmeldingar ca ei veke før speledagen, så dei som vil vera med neste år må vera tidleg ute med påmeldinga. Turneringa denne gongen blei spanande, med vekslande par i leiing utover dagen. Men etter kvart rant det inn skikkeleg godt med poeng for Inge og Atle Kvarven, og dei tok sigeren med god margin. Kampen om andreplassen blei steinhard. Til slutt var det Tor og Christian Bakke som tok denne, kun 2 tidels poeng framfor Oddmund Midtbø og Mathias Beyer på tredjeplass. Os BK ynskjer alle spelarar Godt Nytt År, og vel møtt til ny turnering neste år. Oversikt over vinnarane frå år 2000 og seinare
Årets vinnarar - gratulerer!
Bjørn og Frode best måndag 16. desember
17.12.2013
Siste spelekveld dette året blei spelt måndag 16. desember. Bjørn Hauge og Frode Dyrstad vann den, med 57,6 % score. Andreplassen gjekk til Joleiv Midttveit - Jørn Rekkum med 54,9 %, og tredje til Olav Monstad - Kåre Solibakke med 52,8 %. Resultat og spelstensilar her Første spelekveld i 2014 er måndag 6. januar, men før det går Nyttårsturneringa søndag 29. desember. Pr. no er 28 par påmeldt, så det er fortsatt plass til 8 par til. Påmelding/info her Hugs og Herdla-turen helga 11. - 12 januar. Det ser ut til at vi i alle fall blir 16, så det blir bra! Info om turen i saka under. Påmelding til Anne Merete. God jul til alle! Program for Herdla-turen
11.12.2013
Programmet for Herdla-turen 11. - 12. januar er klart. Det ser ut til at vi i alle fall blir 16, men det er plass til enno fleir. Kva for type turneringar vi speler vil vera avhengig av antall deltakarar. Lag-turnering om laurdagen og par eller single om søndagen er vel mest truleg. Jørn og Joleiv vann måndag 9. desember
09.12.2013
Spelinga måndag 9. desember blei vunne av Jørn Rekkum og Joleiv Midttveit med 60,3 % score. Tett bak dei på andreplass kom Reidar Dale - Carl-Otto Curran, og tett bak dei igjen; Stig Gamlemshaug og Stein Ole Moberg på tredjeplass. Resultat og spelstensilar her Neste måndag er siste spelekveld før jul. I tillegg til speling blir det premieutdeling, lotteri mm. Kontigent 2014 Dei som ikkje har betalt kontigent for 2014 kan gjera det til Linda neste måndag. Kontigent for neste år er kr. 300.- (Junior kr. 100.-). Kontigenten kan og betalast til konto. Kontonummer 3631.50.30867. Nyttårsturneringa Hugs og nyttårsturneringa søndag 29. desember. Pr. no er 24 par påmeldt, og vi må stoppa på 36. Påmelding og info her
|