NyheterSpeling mars/april
11.03.2013
Her er oversikt over klubbspelinga framover: Måndag 25. mars; vanleg speling Måndag 1. april; 2. påskedag. Ingen speling Måndag 8. april; simultanturnering Måndag 15. april; Os mot BAK. Vi speler på Studentsenteret. Måndag 22. april; Os mot BAK. Vi speler på Os.
Torhild og Inger Marie vann med knapp margin
04.03.2013
Simultanturneringa måndag 4. mars blei vunne med eit poengs margin av Torhild Rasmussen og Inger Marie Johansen. Pluss 17 på dei, og pluss 16 på Kåre Kristiansen - Unni Skreslett på andreplass. Begge desse para bør ligga godt an til gode plasseringar på landsbasis. Tredjeplassen gjekk til Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge med pluss 3. Lokale resultat her På landsbasis blei Torhild og Inger Marie beste ospar denne gongen med 16. plass. Her er resultata, 129 par deltok. Vi speler 3 måndagar til før påske, men ingen speling måndag 1. april (2. påskedag). Vel møtt!
Frode og Tor Anders vann måndag 25. februar
25.02.2013
Vinterferie og lite folk denne gongen, så vi valde å spela IMP over feltet. Det gjekk i alle fall fint for Tor Anders Hauge og Frode Dyrstad som vann med + 44. Thea og Bjørn Hauge blei nummer to med + 33, og tredjeplassen gjekk til Torhild og Linda Rasmussen med + 5. Resultata ligg her Neste måndag; 4. mars er det ny simultanturnering, nest siste simultan denne sesongen. Vel møtt! Thea og Bjørn frå første stikk
18.02.2013
Det var aldri tvil om kven som skulle ta sigeren måndag 18. februar. Bjørn og Thea Hauge gjekk til tet med ein gong, og blei der heile kvelden. Olav Monstad og Anne Merete Heggland blei nummer to, og Elisabeth Østrem - Joleiv Midttveit tre. Resultatliste her Neste måndag er det speling som vanleg, og måndagen deretter; 4. mars, er det ny simultanturnering. Vel møtt!
Thea på landslaget!
12.02.2013
NBF har no tatt ut landslaga som skal spela Nordisk meisterskap for junior på Hamar i påsken. Thea er med! Dette er truleg første gong at klubben har ein spelar som speler på eit offisielt landslag. Les meir om landslaguttaka her
Frode og Tor Anders vann 11. februar
11.02.2013
Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge tok heim sigeren måndag 11. februar. På andreplass 5 poeng bak kom Kåre Kristiansen - Unni Skreslett, og tredjeplassen gjekk til Olav Monstad - Anne Merete Heggland. Fullstendig resultatliste her Turneringar framover
11.02.2013
Skjer ein del på bridgefronten framover: Først er det KM par: KM par, som og er kvalifisering til NM par blir spelt på Marikollen skole helga 23.- 24. februar. Kretsen har i år fire plassar i NM. Påmeldingsfrist til KM er søndag 17. februar. 20. - 21. april går KM lag. Innbydelse til denne turneringa kjem seinare. 27. april går årets nyhet på bridgefronten av stabelen på Austevoll; Bridge i havgapet. Påmelding/info her
Unni og Kåre best 4. februar
04.02.2013
Lokale vinnarar av simultanturneringa måndag 4. februar blei Kåre Kristiansen og Unni Skreslett. + 20 var 6 poeng meir enn Torhild Rasmussen og Wenche Nyborg på andreplass. 2 poeng bak dei igjen kom Olav Monstad og Anne Merete Heggland. Lokal resultatliste her Resultata på landsbasis ligg her. Kåre og Unni beste ospar denne gongen med 6. plass.
|