Forsiden
Login
Bridgekrets.com
  • Os juniorbridgeklubb
  • Nyheter
  • Resultater
  • Nyttårsturneringa
  • Grasrotandelen
  • Spelarkiv
  • Arkiv

Klubb og medlemsinfo
  • Os BK
  • Klubber tilsluttet kretsen
  • E-post til klubbene
  • Medlemmer i kretsen
  • Mesterpoengliste
Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Terminliste
  • Kontakt NBF
  • Skjemaer
  • NBF's hjemmeside
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • NM for klubblag
  • Lovboka
  • Turneringsoversikt
  • Norsk Bridge på nett
  • Klubb administrasjon












Nyheter

 

 



Pause i klubbspelinga

12.03.2020

På grunn av tiltaka som er sett i verk for å redusera smittespreiing av corona-viruset må vi dessverre avlysa dei neste spelekveldane i klubben. I første omgang blir det stopp fram til påske. Vi håpar å vera igang igjen måndag 20. april. KM lag som skulle gått laurdag 21. mars er òg utsatt inntil vidare.

Også juniorklubben vil stoppa spelinga dei komande vekene. Første moglege spelekveld på biblioteket pr. no er fredag 24. april.

I mellomtida er nettbridge eit greit alternativ. Fleire tilbod på både funbridge og BBO, i tillegg til dei som allereie eksisterer, kjem truleg til å dukka opp i tida framover.

 

Pause i klubbspelinga



Kåre og Jørn vann 9. mars

09.03.2020

Spelinga denne måndagen blei vunne av Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 60,2%, Nummer to blei Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen med 56,4% og tredje gjekk til Reidar Dale - Kåre Aasen med 55,6%.

Resultat og spelstensilar Hcp viser med handicapberekning, Scratch utan.

Neste måndag er det simultan

Vel møtt!

Kåre og Jørn vann 9. mars



Kåre og Frode med knepen siger

02.03.2020

Kåre Aasen - Frode Dyrstad vann spelinga måndag 2. mars (scratch). 61,8% var akkurat nok til å slå Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen som enda på 61,1%. Tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 57,6%.

Resultat og spelstensilar

Vanleg speling neste måndag, og ny simultan måndagen deretter

Vel møtt!

Kåre og Frode med knepen siger



Reidar og Kåre back on track

24.02.2020

Simultanturnering igjen måndag 24. februar, og som så mange gonger før denne vinteren blei det siger til Reidar Dale - Kåre Aasen, 59,4% på dei, medan det blei delt andreplass mellom Bjørn Hauge - Anne Linda Hove og Tor Anders Hauge - Dag Christensen, begge med 54,2%.

Resultat og spelstensilar

Resultat på landsbasis kjem her

Hugs påmelding til KM lag på Austevoll 21. mars.

Link til KM her

Reidar og Kåre back on track



Tor Anders og Dag vann 17. februar

17.02.2020

Tor Anders Hauge og Dag Christensen gjekk til topps denne gongen med 63,2% score (scratch). Andreplass blei det på Frode Dyrstad - Bjarne Vågen med 61,1% og tredje til Karin Breit - Leif Juvik med 59%.

Resultat og spelstensilar

Neste måndag blir det ny simultan. Hugs KM lag på Austevoll i mars. Påmelding og info om turneringa i saka under.

 

Tor Anders og Dag vann 17. februar



Kåre og Jørn braut sigersrekka

10.02.2020

Spelinga måndag 10. februar blei vunne av Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum. Dermed braut dei Kåre Aasen - Reidar Dale si sigersrekke som har gått over alle spelekveldane etter nyttår, men dei var kun eit poeng frå sigeren denne gongen òg. Tredje gjekk til Leif Juvik - Bjarne Vågen.

Resultat og spelstensilar

(Scratch viser utan handicapberekning, Hcp viser med)

Neste måndag er vanleg speling, og måndagen deretter er ny simultan.

Kretsmeisterskap for lag

Invitasjon til kretsmeisterskapet for lag er no klar. Turneringa går på Austevoll laurdag 21. mars.

Innbyding KM lag

og påmelding til turneringa

Kåre og Jørn braut sigersrekka



Reidar og Kåre ustoppelege

03.02.2020

Måndag 3. februar var det ny simultan. Som dei tre foregåande spelekveldane blei det siger til Reidar Dale - Kåre Aasen. Nummer to blei Tor Anders Hauge - Dag Christensen, og tredje gjekk til Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg.

Lokale resultat med spelstensilar

Håper at resultata på spela i andre runde no er korrekt. Sjå gjerne spesielt på desse og gje ein lyd om det fortsatt er feil her.

Resultat på landsbasis

Neste to måndagane er vanleg speling før det blir ny simultan siste måndag i februar.

Vel møtt!

Reidar og Kåre ustoppelege



3 på rad

27.01.2020

For tredje gong på rad blei det siger til Reidar Dale - Kåre Aasen. Heile 71,5 % score denne måndagen. Delt andreplass blei det mellom Karin Breit - Leif Juvik og Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum , begge med 57,6 %.

Resultat og spelstensilar

Neste måndag er det ny simultanturnering

Elles nærmar deg seg tid for KM, både lag og par. KM lag går laurdag 21. mars (stad enno ikkje bestemt), medan KM par (kvalifisering til NM par) går laurdag 18. april . Stad for par blir i år som i fjor - Halhjem kafè.

3 på rad

« Forrige Neste » 1 2 3 4 5 6 7 8 ...61



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer