NyheterArild Rasmussen og Stig Gamlemshaug vann juleturneringa
30.12.2018
31 par stilte til start då den tradisjonsrike juleturneringa vår blei spelt søndag 30. desember. I eit rimeleg sterkt felt blei det til slutt Arild Rasmussen - Stig Gamlemshaug som vann. På dei neste plassane fulgte favorittpar på rekkje og rad. Nummer to blei Roger Træet - Øyvind Haga og tre Erik Eriksen - Finn Fyllingslid. Fullstendig resultatliste og spelstensilar Både Arild og Stig har vunne turneringa fleire gonger tidlegare, men aldri saman. Begge har tre sigrar sidan årtusenskiftet og kanskje enno fleire før den tid. Oversikt over tidlegare vinnarar av turneringa Os BK ynskjer riktig godt nytt år til alle og velkommen tilbake til ny juleturnering neste år. Bilete av vinnarparet under. Arild Rasmussen til venstre, Stig Gamlemshaug til høgre og Anders Johansson som stod for premieutdelinga i bakgrunnen. Fleire bilete frå turneringa ligg i Facebookgruppa vår.
Kjempejulegåve frå Gjensidigestiftelsen!
22.12.2018
Les om gåva under les mer Bjarne og Stig tok siste stikk
17.12.2018
Siste spelekveld denne hausten blei spelt måndag 17. desember. Bjarne Vågen - Stig Gamlemshaug var klart best denne gongen og vann framfor Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Resultat og spelstensilar. (Scratch viser utan handicapberekning, HCP viser med) Då blir det pause i klubbspelinga fram til måndag 7. januar. Men hugs påmelding til juleturneringa vår søndag 30. desember og Herdlaturen 12. - 13. januar. Riktig god jul til alle Stig og Stein Ole dobla
10.12.2018
Same procedure as last time. Stig Gamlemshaug og Stein Ole Moberg vann denne måndagen òg. Vi spelte simultan-turnering med handicapberekning, men pga tekniske ting er den lokale lista utan handicapberekning. 67,7% score blei det i alle fall på Stig og Stein Ole. Delt andre blei det mellom Tor Anders Hauge - Joleiv Midttveit og Anne Merete Heggland - Torhild Rasmussen, begge med 56,3%. Lokale resultat og spelstensilar Link til resultat på landsbasis Vi speler ein måndag til før det blir juleferie. Vi er no 12 påmeldte til Herdla-turen 12-13 januar. Det er plass til 16 så ver snar å melda deg om du vil vera med. 19 par er pr. no påmeldt til juleturneringa 30. desember. Her er link for påmelding og info om den. Stig og Stein Ole best i MP-treffen
03.12.2018
Årets MP-treff blei spelt måndag 3. desember, og Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg var langt framfor resten med fine 63,9% score. Frode Dyrstad - Dag Christensen blei nummer to med 54,9% og Reidar Dale - Carl-Otto Curran nummer tre med 51,4%. Lokale resultat og spelstensilar Resultat på landsbasis blir oppdatert på denne linken Geo Tislevoll har skrive kommentarar til alle spela. Dei kan lesast på denne linken Neste måndag er den ny simultanturnering, då med handicap. Siste spelekveld før jul blir måndagen deretter; 17. desember Det fyllest på med par til juleturneringa no. Dei som vil spela kan godt vera kjapp med å melda seg på. Her er link. Årskontigent 2019
26.11.2018
Årskontigenten for 2019 er kroner 300.-. Kan betalast til konto 3631.50.30867, eller til Linda på ein spelekveld. Hugs å merk innbetalinga tydeleg med namn om du betaler til konto. Reidar og Carl-Otto klart best
26.11.2018
Reidar Dale og Carl-Otto Curran var klart best måndag 26. november. 61,8% score på dei, og god margin ned til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Kåre Aasen - Joleiv Midttveit på delt andre. Dei stoppa på 56,3%. Neste måndag speler vi MP-treff. Måndagen deretter er det simultan med handicap-berekning. Hugs påmelding til kretsen si juleavslutning, juleturneringa vår og Herdlaturen 12. - 13. januar. Landskamp mot Sverige
19.11.2018
Måndag 19. november blei haustens landskamp mot Sverige spelt, og på lokalplanet var det Bjørn Hauge - Frode Dyrstad som var best med 60,3% score. Andreplassen gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 59,5% og tredje til Anders Johansson - Tor Anders Hauge med 57,1%. Neste måndag er det vanleg speling og måndagen deretter MP-treff. Hugs påmelding til kretsen si juleavslutning, juleturneringa vår og Herdlaturen 12. - 13. januar.
|