NyheterTor Anders og Kåre med eit IMP
12.11.2018
Måndag 12. november spelte vi IMP over feltet, og vann gjorde Kåre Aasen - Tor Anders Hauge med + 37. EIt IMP bak på andre kom Bjørn Hauge - Frode Dyrstad, og tredje gjekk til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med +18. Neste måndag er det simultanturnering saman med Sverige. Vel møtt! Kåre og Joleiv best
05.11.2018
Spelinga måndag 5. november blei vunne av Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 62,5% score framfor Stig Gamlemshaug - Thea Hauge med 60,4%. Delt tredje blei det mellom Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 55,6%. Vanleg speling neste måndag og simultan måndagen deretter. Vel møtt! Stig og Stein Ole med god score
29.10.2018
Stig Gamlemshaug og Stein Ole Moberg vann simultanturneringa måndag 29. oktober med fin-fine 69,8% score. Det kan nå godt opp på landsbasis. Andreplassen gjekk til Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 58,9%, og tredje til Bjørn Hauge - Frode Dyrstad med 53,1% Lokale resultat og spelstensilar Resultat på landsbasis kjem her. Hugs påmelding til juleturneringa 29. desember, Herdlaturen 12. - 13. januar og kretsens juleavslutning; singleturnering og julemat torsdag 6. desember Delt siger
22.10.2018
Sigeren måndag 22. oktober blei delt mellom Jørgen Blix - Leif Juvik og Bjørn Hauge - Frode Dyrstad. Begge med 56,9% score. Tredje gjekk til Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med 54,9%. Scratch viser resultat utan handicapberekning, hcp viser med. Neste måndag er det ny simultan. Vel møtt! Reidar og Frode vann 15. oktober
15.10.2018
Spelinga måndag 15. oktober blei vunne av Reidar Dale - Frode Dyrstad med 61,1% score (utan handicapberekning). Andre gjekk til Stig Gamlemshaug - Stein Ole Moberg med 56,3 og tredje til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med 53,5%. Klikk Scratch for resultat utan handicap, HCP for resultat med handicapberekning. Vanleg speling neste måndag og simultan måndagen deretter. Hugs påmelding til klubbturen til Herdla (sjå sak under, 7 påmeldt pr. idag) og romjulsturneringa 29. desember. Herdlatur i januar
08.10.2018
Tradisjonen tru blir det bridgetur til Herdla. 12. - 13. januar 2019 blir det bridge og god mat på Herdla Gjestgiveri (Biologen). Vi satsar på å reisa utover laurdag føremiddag og tilbake søndag ettermiddag. Pris pr. person; 1255.- i dobbeltrom, 1600,- i enkeltrom. Prisen inkluderer lunsj + toretters middag laurdag, frokost søndag, overnatting og alle bridgeturneringane. Påmelding kan gjerast til Anne Merete. Det er plass til 16 deltakarar på turen. Fint med kjappe påmeldingar! Vi trur det blir ein kjempetur!
Carl-Otto og Anders best
08.10.2018
Simultanturneringa måndag 8. oktober blei vunne av Carl-Otto Curran - Anders Johansson med 63,2% score. Tor Anders Hauge - Reidar Dale blei nummer to med 60,4% og tredjeplassen gjekk til Bjørn Hauge - Jørn Rekkum med 52,8% Resultat på landsbasis blir oppdatert på denne linken etter kvart. Neste simultan går allereie 29. oktober. Vanleg speling måndag 15. og 22. oktober. Vel møtt! Joleiv og Kåre vann IMP over feltet
01.10.2018
Spelinga måndag 1. oktober med IMP over feltet blei vunne av Kåre Aasen - Joleiv Midttveit med + 103. Andreplassen gjekk til Hans Victor Koch - Per Skotheim med + 79, og tredje til Kåre Kristiansen - Jørn Rekkum med + 23. Neste måndag er det simultanturnering Vel møtt!
|