Forsiden
Login
Bridgekrets.com
  • Os juniorbridgeklubb
  • Nyheter
  • Resultater
  • Nyttårsturneringa
  • Grasrotandelen
  • Spelarkiv
  • Arkiv

Klubb og medlemsinfo
  • Os BK
  • Klubber tilsluttet kretsen
  • E-post til klubbene
  • Medlemmer i kretsen
  • Mesterpoengliste
Hjemmeside klubber
NBF
  • Siste nytt fra NBF
  • Terminliste
  • Kontakt NBF
  • Skjemaer
  • NBF's hjemmeside
  • Ruter
  • Norsk Bridgefestival
  • NM for klubblag
  • Lovboka
  • Turneringsoversikt
  • Norsk Bridge på nett
  • Klubb administrasjon












Klubbspelinga avlyst ut sesongen

Sidan koronakrisa ser ut til å vara ved ei god stund framover har styret valt å avlysa resten av spelekveldane i eldresenteret ut sesongen. Kjem tilbake med info om dato for oppstart igjen etter kvart som vi veit meir om korleis det blir med reglar for arrangement/tilstellingar. Årsmøtet som var planlagt til siste spelekveld før sommaren blir òg utsatt til hausten. Rekneskapet blir avslutta og underskrive av kasserer, leiar og revisor for bruk i søknader med frist før vi får avvikla årsmøtet.

Spelinga på nett held fram utover våren. Vi køyrer dei to turneringane vi har fast på Funbridge og måndagar kl 18.30 på BBO. Sjå info om dette i sakene under. Nyaste versjon av BBO er denne. 

Det kan òg bli aktuelt med fleire tilbod på nett om det skulle vera ynskjeleg. Hugs òg NBF sine turneringar på BBO som går kvar veke torsdag-søndag. Sjå bridge.no for info om desse.

Vi håper å snart kunna treffast ved bordet igjen.

Styret

 

Klubbspelinga avlyst ut sesongen


 

Skrevet av 0 Leif Juvik - 14.04.2020 15:59
Gray Bottom

Tips en venn



Levert av Digimaker AS Forslag til forbedringer